onsdag 22. juni 2011

lova vest for pecos



dette er ein rekningsvest
gliser advokaten
og stuper uti det

cruisetrafikk på sognefjorden



eg vil ha ein slik ein
gaular dottera til oligarken
eg vil ha den der
-fjordsymjaren sym for livet

tirsdag 21. juni 2011

grappa




lola pagola

seier det smakar

som ei blanding av

fjøresteinar og diesel




den gong




då sølepyttane

var hav

og eg var kaptein

fjorden




det er ein jungel uti her

seier fjordsymjaren

mellom anna skeletonema

ei kjededannande kiselalge

norges vanlegaste plante

mandag 20. juni 2011

clint eastwood og eg



make my day
seier clint
og vrengjer av seg den kvite t-skjorta
legg i frå seg øskja
med 17 festpatroner
og eingongsligtheren frå esso
han løyser to skot med magnumen etter ferja
hipsar badebroki godt opp
før han vassar uti
tyggjande på ein sløkt sigar
nice med niser
seier han
og sparkar frå

løytnant i vinterkrigen




han rei på kanonløpet

redd som han var

for blærekatar