onsdag 31. august 2011

she might eat your dog

ho går som ho ikkje bryr seg
sopar bein og sko av terrassen
no som då ho var lita
lola er verdas senorita

søndag 28. august 2011

torsdag 25. august 2011

herkemuge

då eg innsåg 
at systemet
ville overleve
vart eg ein del av det
for å øydelegge det
innanfrå
og eg likte meg der

onsdag 17. august 2011

spagatterapi

med venstre foten
på brygga
og høgre foten
i baugen på båten
gjekk han verdig ned

søndag 14. august 2011

tunnelskarar

egidio garibaldi køyrde
alfa frå ravenna
til lærdalstunnelen
der han rende i ei snuppe
frå krokstadelva
bokstaveleg talt

torsdag 4. august 2011