tirsdag 14. februar 2012

kritrosa

er ei gal dame
som går i raude kjolar
knuser flasker og skrik
om astronautar og fuglar
ho er på leit
etter universalnøklane
seier ho

lørdag 4. februar 2012

gå deg vill er du snill -bading med Lemmy

lengtar etter turre sokkar
og kalde drinkar
eg har ein heidning med meg
han klør seg på kjakevorta
så orsak meg
eg klarar ikkje å snakke nett no
herrejesus kva seier ein til slikt
freist heller seinare i kveld
om eg ikkje er frelst då

du og eg i partikkelakselleratoren

du er magneten
eg er stålet
lat oss ta ein runde til 
baby

lørdag 28. januar 2012

trampolinehelvet

han hoppar opp og ned
opp og ned
opp og ned
slevet driv
og skoreimane sleng

lørdag 21. januar 2012

torsdag 19. januar 2012

me okkar og akkar

i jungelen av behandlingstilbod
manglar me no berre
kombinasjonen spa og spå

onsdag 18. januar 2012

o hino e lisabon

vegen mellom santa lucia og estrella
er ein heil dag og trikken heim
ein hund står på eit bord og spyr
ho klagar over hårete legger
og går i strikkalabbar
sta demonstrasjon på låg mur
så går me oppover og nedover
kald seier ho
så me dreg nordover
solbriller skinnreimer og litt å røyke på
byen er full av camelmopedar
mellom raud fløyel campari
kaffi og ananasjuice

småfuglane kvitrar meg i øyra

framtida er ikkje her
før du kan
klemme ut frå
majonestuba
med fjernkontrollen

tirsdag 10. januar 2012

med ufo-taxi til sognefjorden

humanoiden horacio rocket
som eigentleg har eit navn som ikkje let seg
så lett uttale og skrive
sidan det mest kan minne om
ein lydmiks mellom janis joplin og ein støvsugar
sto heilt stille og røykte festpatroner
han var komen for å gi instruksjonar
horatio var forbanna
venstre arm virka ikkje framover
helvetes gen-spleisar tenkte han
ause gener opp i meg med gaffel




mandag 9. januar 2012

hybelliv

den nye grå tannkosten min
skal få lov å bu her
den var litt hard
men skal få liggja i skuffa
saman med dei trekkspelbretta konvoluttane
og gamle batteri

eg ligg på sofaen
og dreg duken sakte av salongbordet

rutebussen på rv55

32 passasjerar og ein sjåfør
gode odds
for at dei skal same vegen

julekalendarulukka


luke 7 vart opna i dag
og ut kom ein 40 tonns Scania
på stive kjettinglause hjul
og vogna full av flatskjermar

drama på ferjekaien

eg har bagasjerommet fullt
av rakfisk frå valdres
det er sinnsjukt
og siste ferja har gått

fjordsymjaren som forsvann

den onde heksa frå
Fjærlandsfjorden
kom og forvandla han
til ein redningsvest

onsdag 4. januar 2012