fredag 21. oktober 2011

og i skapet står christopher walken

ungar ser under senga
etter monster
monster ser under senga
etter presidentar
presidentar ser under senga
etter the bad guy
the bad guy ser under senga
etter clint eastwood

hol i lukka

ei lita jente
i ein stor haug lauv
raud heit måne
fire hol i lukka

onsdag 19. oktober 2011

ho er fan ikkje noko Lucy Jordan


oooh ho makkar seg
over chiffongardiner
volvo v70,forbrukslån,
sydenturar og utruskap
ho har fått alt ho vil ha
men no vil ho ikkje ha meir

så ho dreg

søndag 2. oktober 2011