torsdag 15. desember 2011

lørdag 5. november 2011

fredag 21. oktober 2011

og i skapet står christopher walken

ungar ser under senga
etter monster
monster ser under senga
etter presidentar
presidentar ser under senga
etter the bad guy
the bad guy ser under senga
etter clint eastwood

hol i lukka

ei lita jente
i ein stor haug lauv
raud heit måne
fire hol i lukka

onsdag 19. oktober 2011

ho er fan ikkje noko Lucy Jordan


oooh ho makkar seg
over chiffongardiner
volvo v70,forbrukslån,
sydenturar og utruskap
ho har fått alt ho vil ha
men no vil ho ikkje ha meir

så ho dreg

søndag 2. oktober 2011

tirsdag 20. september 2011

glow in the dark (miljørøyrsledikt)

et scomber scombrus
frå vest i havet
og du treng ikkje lenger refleks

nye kyr i fjøsen no

stettaglas og krusabidne
kvite dukar og raudvinsøl
inseminøren heiter no seminteknikar
her er seminar

onsdag 7. september 2011

kyrne i hegdehaugsveien

dei store runde augene
stirer på meg
eg svingar dokumentveska
kjenner trong til å springe

mandag 5. september 2011

onsdag 31. august 2011

she might eat your dog

ho går som ho ikkje bryr seg
sopar bein og sko av terrassen
no som då ho var lita
lola er verdas senorita

søndag 28. august 2011

torsdag 25. august 2011

herkemuge

då eg innsåg 
at systemet
ville overleve
vart eg ein del av det
for å øydelegge det
innanfrå
og eg likte meg der

onsdag 17. august 2011

spagatterapi

med venstre foten
på brygga
og høgre foten
i baugen på båten
gjekk han verdig ned

søndag 14. august 2011

tunnelskarar

egidio garibaldi køyrde
alfa frå ravenna
til lærdalstunnelen
der han rende i ei snuppe
frå krokstadelva
bokstaveleg talt

torsdag 4. august 2011

lørdag 16. juli 2011

tirsdag 5. juli 2011

tirsdag 28. juni 2011

tett innmed land

han kom sigande
sakte inn frå skrå
bakifrå
kjapt kneip han meg
i nasen
før han smilande
dreiv inn i skråma

med pia på verkaneset

eg flyt så dårleg skjønar du
seier pia
og stappar to raude
louis vuitton
oppunder armane










kunst og kroner

eg trakk visakortet
mellom klovnemalerinna sine rompeballar
utan at det gav nevneverdig kreditt












om å bada med sponheimen

dogg dogg dogg
eg er potemkin
panserkryssaren

truten til stylisten

då eg sumde nærmare land
såg eg at det ikkje var
ei nydesigna redningsbøye
frå vesta-hygea

søndag 26. juni 2011

lørdag 25. juni 2011

zappa og stupedama




mothers altso

seier frank og gliser

no er eg draug i sognefjorden

og orkestrerar litt av kvart







som tornerose






han ynskte seg eit tilvære

som phytoplankton

etter kveldsbesøket

hjå den nyleg fråskilde nabokona








bob dylan sym i fjorden



you don`t need an
oceanographer
to tell witch way
the flow goes
seier bob












med tom waits i fjorden



havnåla du
seier eg
er fjorden sin swordfishtrombone
og langsnuta sjøhest
er eit saxophynnyanimal
gliser tom








onsdag 22. juni 2011

bønner bomber og bandasjar

han sit inne

i gummirommet

og skriv med tunga

høyrer jentene kviskrar

han døyr ikkje

for våre synder

slik som han andre

patti og eg

wave seier patti

vink tenkjer eg

waves ler patti

ekspressbåten

seier eg

spenevarm





han sit i bislaget

og dreg på seg gummistøvlane

kjenner kva han saknar

i ein buss på rv55



desperadoen damelausen
sit bak henne på bussen
og pustar henne varleg i nakken
irriterande trekk
tenkjer ho
og brettar opp kragen

ferjesong



augo dine møtte mine
midtfjords
det var som vi fornemma
sjølve opphavet
då berre guds ande sveiv over vatna
men fan
so kom ferja