bygdadikt og slikt
mandag 9. januar 2012
rutebussen på rv55
32 passasjerar og ein sjåfør
gode odds
for at dei skal same vegen
julekalendarulukka
luke 7 vart opna i dag
og ut kom ein 40 tonns Scania
på stive kjettinglause hjul
og vogna full av flatskjermar
drama på ferjekaien
eg har bagasjerommet fullt
av rakfisk frå valdres
det er sinnsjukt
og siste ferja har gått
fjordsymjaren som forsvann
den onde heksa frå
Fjærlandsfjorden
kom og forvandla han
til ein redningsvest
onsdag 4. januar 2012
med alle piggar ut
slitasje på ermet
din forakt
blikket nedslått
ein flir
og frykt
fredag 30. desember 2011
cafe opera bergen
nuppete tigths og månerakettar
aaaa-ooooo
torsdag 15. desember 2011
running to the edge of the mirror
du engel du
strør sukker
diamantar og rust
daude blomar
og rå lyst
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)