bygdadikt og slikt
onsdag 19. oktober 2011
ho er fan ikkje noko Lucy Jordan
oooh ho makkar seg
over chiffongardiner
volvo v70,forbrukslån,
sydenturar og utruskap
ho har fått alt ho vil ha
men no vil ho ikkje ha meir
så ho dreg
tirsdag 18. oktober 2011
hormonella
ho er
sin eigen klimatrussel
søndag 2. oktober 2011
hjulhopparen
han et seg fram
med grabben
legg att djupe furer
Lola sår gulrotfrø
tirsdag 20. september 2011
glow in the dark (miljørøyrsledikt)
et scomber scombrus
frå vest i havet
og du treng ikkje lenger refleks
nye kyr i fjøsen no
stettaglas og krusabidne
kvite dukar og raudvinsøl
inseminøren heiter no seminteknikar
her er seminar
onsdag 7. september 2011
kyrne i hegdehaugsveien
dei store runde augene
stirer på meg
eg svingar dokumentveska
kjenner trong til å springe
mandag 5. september 2011
ein sundag i smiebakken
ole roger kjettingplass
testar hageslangen
og gler seg til frosten kjem
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)